Hopp til hovedinnhold

Velkomstbrev til nye elevar

Elevar på Dale vgs

Her finn du nyttig informasjon som elev ved Dale vidaregåande skule.

Velkommen som elev ved Dale vidaregåande skule!

Skulestart er måndag 21. august 2023. Du møter ved hovudinngangen på Dale vgs kl. 08.55. Skulebussane tek til å gå denne dagen, så du reiser med vanleg skuleskyss frå heimstaden din til Dale.

Skuledagen startar kl. 08.55. Måndag, tysdag, torsdag og fredag sluttar skulen kl. 15.10, onsdag går siste time til kl. 15.20. Skulebussen går frå skulen kl. 15.20 kvar dag. Dersom du har problem med å komme deg heim, ber vi om at du gir beskjed på kontoret så fort som råd.

Skulebøker får du låne på skulen. Vestland fylkeskommune har ei ordning med gratis lærebøker. Du får utdelt dei bøkene du skal ha, og leverer dei inn att på slutten av skuleåret, men du må signere for utlån av bøker og utstyr. Her signerer du ei utlånsavtale med skulen.

Skal du begynne på Vg1, har du tilbod om å kjøpe berbar PC. Sjå heimesida til fylkeskommunen: Her kan du bestille PC.  

Du kan bruke eigen berbar PC viss du har. På fleire utdanningsprogram blir det brukt programvare som berre fungerer med Windows. For dei fleste er derfor PC eit betre alternativ enn Mac.

Skulen ynskjer å bruke bilete av elevar i faglege og sosiale situasjonar på heimeside og i sosiale medium. Viss eleven er under 18 år, så må eleven samtykke før foreldra gjer det.  Her kan du samtykke til at skulen kan bruke bilete av deg i slike samanhengar.

Foreldremøte Vg1: Onsdag 30. august klokka 17.30 - 19.30 for alle føresette som har førsteårselevar på skulen. Som elev treng du ikkje vere med på møtet. 

Skuleskyss: Du søkjer om skuleskyss via https://skuleskyss.vlfk.no. Også elevar som hadde skuleskyss førre skuleår, må søkje. Alle skuleskysskort blir nullstilt ved skuleslutt i juni, og ønskjer du skuleskyss for neste skuleår, må du søkje på nytt. NB! Nytt: Du kan få skulebusskortet ditt på mobilen, slik at du slepp å ha eit eige kort.

Lånekassa: Alle elevar får eit utstyrsstipend. Du finn søknadsskjema for stipend og lån på www.vigo.no, når du loggar deg inn der. Stipend/lån kan då vere klart til skulen tek til.

Hugs å svare på om du tek imot skuleplassen du har fått! Svar med SMS eller i Vigo. Meir aktuell informasjon finn du på heimesida til Dale vgs:  www.dale.vgs.no Dersom du har spørsmål, kan du kontakte skulen, tlf. 57637000.

Vel møtt!

 

Dale vidaregåande skule, juni 2023 

Gro Fivelsdal

Rektor