Rettleiingstenesta

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

 

Kontaktpersonen i PPT for Dale vgs er Torgrim Rødvik. Han er til stades på skulen på torsdagar. 

PP-tenesta sitt mandat er regulert i opplæringslova §5-6. PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver.

Har du vanskar som går ut over læringa di? Du som er elev eller lærling/lærekandidat kan ta kontakt for hjelp.

PPT er ein del av Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

Tilrettelegging av opplæringa
PPT gir òg råd til skulen/bedrift om korleis opplæringa kan leggast til rette, slik at du  får tilfredsstillande utbytte av opplæringa. PPT kan òg gi råd om kva du sjølv kan gjere.

Ved behov for spesialundervisning, skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering der lova krev det. 

Er du elev eller lærling /lærekandidat og ønsker kontakt med PPT, fyll ut skjemaet "Tilvisning PPT"

Kontaktinformasjon og meir om rettleiingstenesta.

 

Oppfølgingstenesta (OT)

 
Den som har ansvar for oppfølgingstenesta (OT) for elevar i regionen vår, er Roger Kløvtveit. 

Oppfølgingstenesta (OT) arbeider for at ungdom skal få tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetting. Vi gir derfor utdannings- og yrkesrettleiing. OT er ein del av Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

For å ha rett til våre tenester, må du ha rett til vidaregåande opplæring og vere mellom 16 og 21 år. I tillegg må eitt av desse punkta passe for deg inneverande skuleår:

  • Du har takka nei til offentleg skuletilbod
  • Du tar ut eit venteår eller eit friår
  • Du har ikkje søkt om skuleplass eller i eit læreforhold

Dersom du er i ein slik situasjon, vil vi gjerne at du tar kontakt. 

Kontaktinformasjon:
Roger Kløvtveit
roger.klovtveit@vlfk.no
958 34 359