Hopp til hovedinnhold

Visjonen vår

Elevar som sit i ein sofa og hyggjer seg medan dei jobbar med fag.

Vilje til visdom og vennskap

 

Visjonen vår uttrykkjer viktige verdiar ved skulen.

Vi ønskjer å skape eit levande og trygt sosialt fellesskap som byggjer eit stimulerande læringsmiljø for elevane. Fagleg dyktige lærarar er opptekne av å gje elevane meistringskjensle og gode faglege opplevingar. Fokus på kunnskap og ferdigheiter er viktig både for elevar og lærarar. Samstundes er vennskapet og det gode samhaldet eit kjenneteikn for skulen.
 
Skulen legg vekt på å kunne tilby elevane inspirerande opplæring i tråd med lover og forskrifter, med bruk av moderne og varierte undervisningsmetodar og differensierte opplegg. Lærarane skal utøve eit sunt læringstrykk slik at elevane lykkast i å yte sitt beste. Elevane skal føle at dei får god hjelp gjennom heile utdanningsløpet og at dei får framovermeldingar som gir dei lyst å halde fram i læringsprosessen. Vurdering for læring er i fokus.
 
Tett oppfølging av elevane gjer at gjennomføringsgraden held seg høg. Dette er eit viktig satsingsområde for skulen.