Hopp til hovedinnhold

Verdiane våre

Elektronisk ryttar som er eit kunstverk på Dale vgs som heng frå taket

Verdiane Dale vgs byggjer på, kjem tydeleg fram i VISJONEN vår: Vilje til visdom og vennskap! Høgt oppe i foajéen innanfor hovudinngangen heng kunstinstallasjonen av Geir Hjetland som heiter «Elektronisk ryttar». Den symboliserer eit ungt menneske på full fart ut i den store verda. Det er slik vi ser på elevane våre: Skulen her skal vere eit godt springbrett for deira vidare liv, fagleg og karrieremessig, men også på det mellommenneskelege planet ønskjer skulen å inspirere elevane til å vere opne og utforskande på det livet har å by på.

Miljøet ved Dale vgs er svært godt. Vi har nulltoleranse for mobbing og arbeider aktivt MOT mobbing gjennom heile skuleåret. Vi har eit aktivt skulemiljøutval og eit elevråd som engasjerer seg i trivselstiltak for elevane, og som leiinga lyttar til. Høg trivsel både blant elevar og lærarar betyr mykje for læring.

Lærarane er engasjerte og dyktige fagpersonar som brenn for faget sitt. Dei gir undervisning på eit høgt nivå, men tilpassar samstundes faggjennomgangen slik at alle elevar skal kunne kjenne på meistring og blir motiverte til å lære meir.

Alle tilsette har ei opa dør for elevane. Det er lett å stikke innom for å spørje om noko eller for å kome med innspel i saker som har med fag eller undervisning å gjere, eller som gjeld andre forhold på skulen.