Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.
Frå skuleåret 2022-23 tilbyr Dale vidaregåande skule eit tilbod finansiert av VLFK og NAV i samarbeid: akvakulturfaget for vaksne.
Opplæringa skal gje deltakarane fagbrev i akvakulturfaget etter fire år.Sluttkompetansen er fagoperatør i akvakultur.
Undervisinga følgjer læreplanane for naturbruk (Vg1) og akvakulturfaget (Vg2).
Opplæringa er tufta på Gloppen-modellen og skal gå over fire år. Dei tre første åra har deltakarane elevstatus ved Dale vidaregåande skule, og opplæringa er ein kombinasjon mellom skule og utplassering i bedrift. Det fjerde året skjer opplæringa i bedrift og opplæringskontoret tek over ansvaret for deltakarane.
Undervisinga er i hovudsak digital, men har nokre fysiske samlingar ved Dale vidaregåande skule. Klassen har eigen kontaktlærar som gir deltakarane oppfølging ute i bedrift i YFF-faget, og skulen gir støtte til norskopplæring ved behov.
Her er ei skisse over opplæringstida:
- Utprøving / hospitering i bedrift i forkant
- Avtale om læreplass med bedrift
- Skulestart 15. august 2022
- Skuleåret 2022-23: vg1 naturbruk teori og praksis
- Skuleåret 2023-24: vg2 akvakultur teori og praksis
- Skuleåret 2024-25: fellesfag og praksis