Hopp til hovedinnhold

Rådgjevarane våre

Hovudarbeidsfelt:

1) Yrkesrettleiing
Vidaregåande opplæring (VIGO)
Elevane får informasjon og rettleiing i høve val av programområde/ studieretning og enkeltfag. Alle får rettleiing og hjelp til søkje Vigo på internett. Vilbli gir nyttig informasjon om vidaregåande opplæring.

Høgare utdanning
Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje høgare utdanning, får informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval. Skulen samarbeider med fleire utdanningsinstitusjonar om studieorienteringsdag på skulen.

Informasjonsmateriell vert lagt ut i klasseromma til avgangsklassane. I tillegg finn ein mykje informasjonsmateriell i tidsskrifthylla i kantina.

Det meste av høgare utdanning i Noreg har felles opptak gjennom Samordnaopptak. Du finn meir informasjon om høgare utdanning i inn – og utland i Studieguiden. Ansa gir god og nyttig informasjon om utdanning i utlandet.

Rådgjeving på nett
Skulen har tilbod om rådgjeving på nett. Kontakt rådgjevar: e-post: bianca.helene.molteberg.bruenech@vlfk.no

2) Rettleiing for elevar med sosiale eller personlege utfordringar
Rådgjevar samarbeider med rådgjevar for tilpassa opplæring Are Morten Follevåg, PPT, OT, skulehelsetenesta, sosialkontora og barneverntenesta i HAFS.

3) Tilrettelegging for elevar med spesielle behov
Rådgjevar for tilpassa opplæring og rådgjevarane som har ansvar for sosialpedagogiske og karrieremessige spørsmål, har nært samarbeid med kontaktlærarane for å følgje opp elevar som treng særskild tilrettelegging.

Rådgjevar har teieplikt!

Rådgjevar

Bianca Helene Molteberg Bruenech
Karriererådgjevar
bianca.helene.molteberg.bruenech@vlfk.no
98 65 70 66  

Are Morten Follevåg
Sosialpedagogisk og rådgjevar for tilpassa opplæring
are.morten.follevåg@vlfk.no
57 63 70 06