Helse- og oppvekstfag

Elevar i arbeid

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er eit framtidsretta val for ungdom i dag. Behovet for arbeidskraft i helsesektoren er aukande, og lokalt er sjansane gode for at du vil få deg lærekontrakt, og etter kvart, fast arbeid. I opplæringa samarbeider skulen tett med kommunane rundt oss og gir elevane høve til å få arbeidserfaring gjennom utplassering. Dette vil gjere deg som er elev, tryggare på at du valt rett utdanningsprogram.      

På vg1 helse- og oppvekstfag lærer du mellom anna om helsefremjande arbeid; førstehjelp; kost, ernæring og hygiene; barn og unge si utvikling; kommunikasjon og sosial kompetanse; livsstilssjukdommar, skadar og lidingar. Skulen lèt deg også prøve ny og framtidsretta teknologi i opplæringa.  

Her kan du lese meir om helse- og oppvekstfag.

Etter vg1 kan du søkje deg vidare ulike programområde, blant anna helsearbeidarfag, som Dale vgs tilbyr på vg2. 

Du kan lese meir om dei ulike vala på vg2 her.

Som helsefagarbeidarar utfører du arbeidsoppgåer som praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid. Det er stor trong for helsefagarbeidarar i heile landet, så dette er eit sikkert yrkesval for deg.

Viss du søkjer deg til helsearbeidarfaget, vil du ved Dale vgs kunne få høve til tre vekers utplassering på sjukeheimar og institusjonar i utlandet. Det er ein del av skulen sitt internasjonaliseringsprosjekt, og det gir deg kjekk og verdifull erfaring.