Hopp til hovedinnhold

Eksamensgjennomføring

Lokal eksamensplan, praktiske opplysningar, tilrettelegging

Eksamensplan, varsel om trekk og trekkordning

 

Sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensdato er fastlagt av Utdanningsdirektoratet

Eksamensoppgåvene er utarbeidde av Utdanningsdirektoratet

Oppgåvene har sentral sensur

Lokalt gitt eksamen

Eksamensdato vert fastlagt av fylkeskommunen

Eksamensoppgåvene vert utarbeidde lokalt

Oppgåvene vert sensurert lokalt

Eksamensdatoar for skriftleg eksamen våren 2023

Dale vidaregåande skule

Varsel om eksamenstrekk

Skriftleg eksamen våren 2023 blir offentleggjort 12. mai kl 09.00 i VIS

Munnleg (M), munnleg-praktisk (MP), tverrfagleg praktisk (P) og praktisk (P) eksamen blir offentleggjort 48 timar før eksamensdagen i VIS


Trekkordning

Vg1 Studieførebuande utdanningsprogram

Ca. 20% av elevane skal trekkjast ut til eksamen i eit fag; skriftleg, munnleg, munnleg-praktisk eller praktisk.

Vg2 Studieførebuande utdanningsprogram

Alle elevane skal trekkjast ut til eksamen i eit fag; skriftleg, munnleg, munnleg-praktisk eller praktisk.

Vg1 og Vg2 Yrkesfagleg utdanningsprogram

Alle elevar på Vg2 skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i programfag.

I tillegg skal ca. 20 % av elevane på Vg1 og Vg2 trekkast ut til eksamen i eitt fellesfag, sentralt gitt og/eller lokalt gitt eksamen. Andelen på 20% skal sjåast over ein to-års periode.

Vg3 Studieførebuande utdanningsprogram (4 eksamenar)

Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål.

Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.

I tillegg til obligatorisk eksamen i norsk hovudmål, skal elevane trekkjast ut til skriftleg eksamen i to fag, og ein munnleg, munnleg-praktisk eller praktisk eksamen.

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse (3 eksamenar)

Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål.

Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.

I tillegg til obligatorisk eksamen i norsk, skal elevane trekkast ut til éin skriftleg eksamen, og éin munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.

 

 

 

Ta kontakt!

Har du spørsmål om eksamen? Ta kontakt med dei eksamensansvarlege ved Dale vgs.  

Anne-Lise Nikøy

ass. rektor

Tor Egil Furevikstrand

avdelingsleiar