Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

Elevar får instruksjon i verkstaden

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Bygg- og anleggsteknikk er eit yrkesfagleg programområde som næringsliv i regionen vår har etterspurt. Byggebransjen har signalisert eit stort for behov for å rekruttere nye lærlingar i regionen, og mange bedrifter har allereie stadfesta at dei ynskjer å ta imot lærlingar. Det å søkje seg til bygg- og anleggsteknikk ved Dale vidaregåande skule er difor eit trygt og godt val.

I tillegg opnar vg1 bygg- og anleggsteknikk for ei rekkje spennande utdanningsprogram på vg2-nivå.

Du kan ta fagbrev som tømrar, taktekkar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Første året (vg1) er felles for alle elevar som vel bygg- og anlegg. Frå vg1 vår kan du på vg2 søkje deg vidare til, blant anna:

  • Tømrar
  • Betong og mur
  • Anleggsteknikk

Vegen vidare