Studiespesialisering

Dale vgs elevar i fysikkundervisning

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor søkje studiespesialisering?

Studiespesialisering er for deg som seinare vil studere vidare på høgskule eller universitet. På Dale vgs kan du velje full fordjuping i realfag og skaffe deg spesiell studiekompetanse, eller du kan velje fordjuping innan språk, samfunnsfag og økonomi. Vi tilbyr også fordjuping innan idrett (breiddeidrett 1 og 2).

Dale vgs har trivelege klasserom og moderne spesialrom der kan fordjupe deg i programfag i mindre grupper. Du får du tett oppfølging av dyktige faglærarar, og vi har «opne dører» på skulen slik at du raskt kan få hjelp av faglærarar ved behov. Vi ynskjer velkommen til eit trygt og godt læringsmiljø i.

Studiespesialisering er eit studieførebuande utdanningsprogram som kvalifiserer til all høgskule- og universitetsutdanning. Utdanningsprogrammet er på vg2 og vg3 delt i «realfag» og «språk, samfunnsfag og økonomi»

Her kan du lese meir om studiespesialisering.

Vg1 Studiespesialisering

Første året har alle elevar 30 timer fellesfag i veka. Du vel framandspråk (tysk eller spansk), og du vel om du vil ha praktisk eller teoretisk matematikk. 

Fag og timetal på Vg1:

  • Norsk: 4 veketimar
  • Engelsk: 5 veketimar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Matematikk: 5 veketimar (praktisk eller teoretisk). Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Naturfag: 5 veketimar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Kroppsøving: 2 veketimar
  • Geografi: 2 veketimar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Samfunnsfag: 3 veketimar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • 2. framandspråk: 4 veketimar (Tysk nivå II. Spansk, nivå I eller II).

Vg2 Realfag

Fellesfaga utgjer til saman 15 timar for veka på Vg2. Fellesfaga er obligatoriske. Resten av faga kan du velje sjølv etter bestemte reglar.

Fellesfaga er:

  • Norsk: 4 veketimar
  • Historie: 2 veketimar
  • Kroppsøving: 2 veketimar
  • Framandspråk: 4 veketimar tysk eller spansk. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk 3 v.t.): Standpunktkarakter på vitnemål.  Fellesfaget  2P fell vekk viss du vel fordjuping i Realfagsmatematikk (R1).

Valfrie programfag på Vg2 / Vg3

Kvart av dei valfrie faga, programfaga, er på 5 veketimar. Faga tilhøyrer ulike programområde. Andre og tredje året må du ha 2 gjennomgåande programfag frå  programområdet du har valt for å få full fordjuping. I tillegg vel du kvart år 1 fag til som er uavhengig av programområde. Samla har du vanlegvis 30 timar kvar veke på Vg2 og Vg3. Halvparten er fellesfag og halvparten valfrie programfag.

Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no

Programfag realfag:

  • Matematikk R1
  • Fysikk 1
  • Biologi 1 eller 2
  • Kjemi 1

Vg2 Språk-, samfunnsfag- og økonomifag

Programfag på Vg2 studiespesialisering:

  • Engelsk 1
  • Økonomistyring
  • Rettslære 1 eller 2
  • Sosiologi/sosialkunnskap/politikk og menneskerettar

Idrettsfag på vg2

  • Breddeidrett 1 eller 2

Vg3 Realfag

Fellesfaga er til saman 15 timar for veka på Vg3. Fellesfaga er obligatoriske. Resten av faga kan du velje sjølv etter bestemte reglar.

Fellesfag på Vg3: 

  • Norsk:  6 timar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Historie: 4 timar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Kroppsøving: 2 timar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Religion: 3 timar. Standpunktkarakter på vitnemål.

Valfrie programfag på Vg2 / Vg3

Kvart av dei valfrie programfaga er på 5 veketimar. Faga tilhøyrer ulike programområde. Andre og tredje året må du ha 2 gjennomgåande programfag frå  programområdet du har valt for å få full fordjuping. I tillegg vel du kvart år 1 fag til som er uavhengig av programområde. Samla har du vanlegvis 30 timar kvar veke på Vg2 og Vg3. Halvparten er fellesfag og halvparten valfrie programfag.

Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.

Programfag på Vg 3 studiespesialisering:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 2
  • Biologi 1 eller 2 
  • Kjemi 2

Vg3 Språk-, samfunnsfag- og økonomifag

Fellesfaga er til saman 15 timar for veka på Vg3. Fellesfaga er obligatoriske. Resten av faga kan du velje sjølv etter bestemte reglar.

Fellesfag på Vg3:  

  • Norsk:  6 veketimar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Historie: 4 veketimar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Kroppsøving: 2 veketimar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Religion: 3 veketimar. Standpunktkarakter på vitnemål.

Valfrie programfag på Vg3:

Kvart av dei valfrie programfaga er på 5 veketimar. Faga tilhøyrer ulike programområde. Andre og tredje året må du ha 2 gjennomgåande programfag frå  programområdet du har valt for å få full fordjuping. I tillegg vel du kvart år 1 fag til som er uavhengig av programområde. Samla har du vanlegvis 30 timar kvar veke på Vg2 og Vg3. Halvparten er fellesfag og halvparten valfrie programfag.

Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.

Programfag på Vg3 studiespesialisering:

  • Engelsk 2
  • Økonomi og leiing
  • Rettslære 1 eller 2
  • Sosiologi/sosialkunnskap/politikk og menneskerettar

Idrettsfag på vg3

  • Breddeidrett 1 eller 2