Hopp til hovedinnhold

Historie

Historia til Dale vidaregåande skule går tilbake til 1979. Det starta med ein filialklasse i allmenne fag under dåverande Førde Gymnas.

1. august 1980 vart Dale vidaregåande skule oppretta som eigen skule. Dei tre første åra hadde ein berre allmennfagklassar på skulen, men hausten 1982 vart han utvida med klassar på handverk og industri. I 1984 blei handel og kontor sett i gang, og året etter fiske og fangst i Askvoll. I 1994 vart helse- og sosialfag oppretta. Frå 2001 vart sal- og service oppretta som førebels siste tilskotet til tilbodet ved skulen, men dette tilbodet vart teke bort i 2010. 

I dag tilbyr Dale vgs utdanning innan programområda bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, teknikk- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. Skuleåret 2021-22 har har Dale vgs 11 klassar og 201 elevar.