Informasjon om skulen

Elevar som jobbar med fag

Dale vidaregåande skule ligg i Fjaler kommune, nærmare bestemt i kommunesenteret Dale i Sunnfjord. Dale er regionen sitt bu-, arbeids- og servicesenter, og Dale vidaregåande skule er den einaste vidaregåande skulen i ein vidstrekt region.

Skulen tilbyr studiespesialiserande, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, helsefagarbeidar, teknikk og industriell produksjon, industriteknologi og påbygging til generell studiekompetanse. 

Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring.

Det er i dag rundt 210 elevar og 45 tilsette ved skulen.

Visjonen vår er «Vilje til visdom og vennskap».