Teknologi- og industrifag

Elev sveiser

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi og industrifag?

Teknologi- og oppvekstfag er eit spannande val for deg som er interessert i praktisk arbeid. Opplæringa gir deg høve til å arbeide med maskiner og moderne teknologi. I opplæringa samarbeider vi tett med næringslivet rundt oss, og du får prøve ut ulike yrke gjennom utplassering i opplæringa. Dette vil gjere deg som elev, tryggare på at du valt rett utdanningsprogram, og du vil dessutan ha gode sjansar til å få lærekontrakt i nærområdet, viss du ynskjer det.       

Her kan du lese meir om teknologi- og oppvekstfag.

Teknologi- og industrifaget eit felles vg1-kurs for alle mekaniske og elektromekaniske fag, og dette utdanningsprogrammet gir deg flest val innan vg2-nivå når det kjem til lærefag. Populære lærefag er ulike bilfag, brønnfag, anleggsmaskin/reparatør og sveisefaget.

Her kan du lese meir om utdanningsprogram på vg2.

På Dale vgs kan du søkje deg vidare til industriteknologi. Det er framleis trong for industriarbeidarar, så dette er eit sikkert yrkesval. Viss du søkjer deg til industriteknologi, vil du kunne få høve til tre vekers utplassering i utlandet. Det er ein del av skulen sitt internasjonaliseringsprosjekt og gir deg kjekk og verdifull erfaring.