Påbygging til generell studiekompetanse

Elevar på påbygg

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor søkje påbygging til generell studiekompetanse?

Påbygging til generell studiekompetanse er for deg som har fullført vg2 yrkesfag eller har tatt fagbrev. Dale vgs har 25 plassar til elevar som søkjer etter vg2 og fem plassar for elevar som har tatt fagbrev.

Viss du søkjer påbyggingsåret ved Dale vgs, møter du fysisk på skulen i fire dagar, medan du har nokre få timar heimeundervising kvar fredag. Det gjer at elevar som bur på i hybel, kan reise heim kvar torsdag, viss dei ynskjer det.

Klasserommet til påbyggingsklassen er lokalisert i hovudbygget ved sidan av klasseromma til elevar som går på studiespesialisering. Som elev på påbyggingsåret, blir du dermed raskt kjent med andre elevar på skulen.

Elevar som tek påbyggingsåret etter vg2 yrkesfag, skal velje eitt programfag. På Dale vgs kan du velje mellom sosiologi/sosialkunnskap eller engelsk 1.

Elevar som tek påbygging etter fagbrev, får fritak i programfag og kroppsøving.   

Du kan lese meir om timefordeling i påbyggingsåret her.