Velkommen til Dale vgs!
Dale vgs ligg i Dale i Sunnfjord som er kommunesenteret i Fjaler, ein stad med lange og rike skuletradisjonar. Skulen er ein kombinert skule, i eit moderne skuleanlegg med gode lokalitetar og tidsmessig utstyr. Skulen legg vekt på gode relasjonar mellom lærar og elevar, tett fagleg oppfølging og eit miljø det alle kan trivast. Nytt frå hausten 2022 er at vi tilbyr akvakultur for vaksne. Ta kontakt med skulen på telefon: 57 63 70 00/57 63 70 01Vil du bli helsefagarbeidar?
Frå hausten 2024 tilbyr vi vaksenopplæring innanfor helsearbeidarfaget. Utdanninga blir modulbasert med veksling mellom praksis og skule. Etter utdanninga skal du vere klar til å ta fagbrev som helsefagarbeidar.Skulemiljø
Dale vgs er kjent for å ha eit svært godt miljø. Elevundersøkinga har i mange år vist at elevar trivst veldig godt ved skulen, og vi vil leggje til rette for at også nye elevar skal ha det godt hos oss. Derfor er trivsel ein viktig del av den nye utviklingsplanen vår.Aktuelle saker
24.04.2024
Høyringsmøte om framtidig skulestruktur
Fylkeskommunen v/avd.dir. Bjørn Lyngedal inviterer til ope folkemøte om framtidig skulestruktur i Vestland fylkeskommune. Vi får dessverre ikkje ha dette møtet på skulen i Dale, men må reise til Førde vgs.
05.03.2024
Ønskjer du å vere eksamensvakt våren 2024?
Vi trenger fleire vaktar til eksamensvaktar til våren. Ta kontakt med skulen!
29.02.2024
Studietilbod 2024-25
Hugs søknadsfristen 1. mars. Dale vgs har desse utdanningsprogramma. Kom gjerne til oss som elev.
16.01.2024
Undervisingsevaluering
Dale vgs gjennomfører i desse dagar undervisingsevaluering. Les her for å finne meir informasjon.