I år er Dale vgs heldige igjen! Sparebank 1 Sogn og Fjordane, dvs. Sparebankstiftinga i Fjaler og i Sogn og Fjordane, delte i går ut gåver til mange gode formål. Dei gir blant anna 1000 kr per elev til skulane i Fjaler + Holmedal.
Utdelinga fann stad etter eit foredrag av Øystein «Pølsa» Pettersen som snakka om kor sterke ein kan bli og kor mykje ein kan få til om ein står saman. Midlane skal altså nyttast til noko som vi kan tenkje gjer oss sterkare saman.
