Har skrive lærebok i norsk

Tor Egil har skrive lærebok

Ny lærebok i norsk skriven av Dale vgs-lærar, Tor Egil Furevikstrand.

Vår flinke norsklærar, Tor Egil Furevikstrand, er ein av hovudforfattarane av det nye læreverket Norsk for påbygging. I boka har han skrive kapitela om romantikk og realisme, og medverka sterkt til innhaldet i modernisme-kapitelet.

Dei som skal gå påbygging i Dale hausten 2022 skal ha denne nye læreboka. Vi håper den fell i smak for dei som har 10 timar norsk i veka.