Hopp til hovedinnhold

Foreldremøte 15. november 2023

Bilde av Dale vgs

Kontaktlærarar i 1STA, 2STA, 1HOA, 1TPA, 1BAA, 2HEAA og 2PINA er tilgjengelege i tidsrommet 15.30 - 21.00.

For å unngå for mykje venting, ber vi om at de set opp ønskt tidspunkt for samtale. Etter at påmeldingsfristen er ute, set skulen opp tidspunkt for kvar enkelt og eleven får ranselpost med heim om det. Skulen tek omsyn til ønskt samtaletidspunkt så langt mogleg.

Dersom de ikkje har høve til å møte på den fastsette dagen, ber vi om at de ringjer kontaktlærar og avtalar anna møtetid/telefonsamtale. Det er også mogleg å avtale samtale med ein faglærar om det er ønskjeleg.

Skulen gjer merksam på at føresette til myndige elevar må ha med skriftleg løyve frå eleven, dersom ein ønskjer samtale med lærar utan at elev er med.

Påmeldingsfrist: innan 8. november.

For føresette med elevar i 1STA er det FELLESMØTE kl. 18.00-18.30: Kva programfag (fordjupingsfag) kan ein velje 2. og 3. året på studiespesialisering? Kva gir studiekompetanse? Kva utdanningsvegar er aktuelle vidare?

Velkommen!

Med helsing

Gro Fivelsdal
Rektor