Hopp til hovedinnhold

Bygningsvern på Steia gard

Elevar jobbar med å høvle

Bygg- og anleggsteknikk (Vg1) ved Dale vgs jobbar denne veka på Steia gard. Dei held på med å bygge opp att og restaurere svalgangen på skulebygget på garden.

Arbeidet er eit samarbeid med Jakob Sande-senteret for forteljekunst, Fortidsminneforeninga og Jensbua Kystkultursenter med snikkar og båtbyggjar Ove Losnegård. Temaet for veka er bygningsvern.

På Facebook-sidene sine skriv Jakob Sande-senteret slik om prosjektet:

"Med støtte frå Riksantikvaren, kommune, fylke og stat kan vi no sjå nærare på vår hypotese om at forteljekunst spelar ei vesentleg rolle i alle ledd ved forvaltning av kulturmiljø, og er ei drivkraft for og i verdiskaping, og sameleis korleis ein gjennom arbeid med bygningsvern og tradisjonshandverksteknikkar kan legge opp til ei meir berekraftig utvikling der ein ser på historiske bygningar som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Vi ser på historiske Steia gard i Fjaler som ein naturleg heim og stad for dette arbeidet, eit anlegg som har vore eit signalanlegg for danning tidlegare og som framleis kan vere det. Gjennom samarbeid medJensbua Kystkultursenter, Fortidsminneforeningen og oss i Jakob Sande-senter for forteljekunstprøver vi no ut ein pilot for eit vekeskurs i handverk og forteljekunst for VGS bygg- og anleggslinja ved Dale vidaregåande skule, der elevane får opplæring i tradisjonshandverk og forteljekunst."

Vi ønsker elevane lukke til med det spanande arbeidet!