Hopp til hovedinnhold

UTDANNING TIL FAGOPERATØR I AKVAKULTUR

Bilde av Dale vidaregåande skule

Vi har ledige plassar!

Vaksenopplæring med ordinær søknadsfrist 01.03. 2023, men med utivda frist til 15.09.2023. Tal plassar: 15.

Vaksne som har realkompetanse innan kompetansemåla for vg1 naturbruk, kan søkje om å få starte hausten 2023 direkte på vg2 akvakultur. Ta kontakt med Dale vgs om du har spørsmål til dette, tlf. 57637000.

Heile utdanningsløpet går i utgangspunktet over tre skuleår og eit fjerde år med fulltid lære i bedrift. Hausten 2022 starta ei gruppe på vg1 naturbruk. Hausten 2023 går dei vidare på vg2 akvakultur. Hausten 2024 skal det vere undervisning i fellesfaga norsk, samfunnsfag, engelsk, naturfag og matematikk. Dette skuleåret er det digital undervisning tre dagar i veka (onsdag-fredag) og utplassering i bedrift to dagar i veka (måndag-tysdag).

 

På vg2 akvakultur har ein følgjande fag:

 

Anlegg og teknikk

Drift og produksjon

Biologi og miljø

Yrkesfagleg fordjuping

 

Undervisninga følgjer skuleåret på vgs: Første undervisningsdag på vg2 er torsdag 24. august 2023, siste undervisningsdag er fredag 21. juni 2024.

Det er digital undervisning torsdagar og fredagar frå kl. 08.55 – 15.00. Utplassering i bedrift måndag-onsdag. Her følgjer ein bedrifta si arbeidstid. Fysiske samlingar på Dale vgs to-tre gonger i semesteret.

Behov for språktesting:

Dersom det er behov for det, kan du bli bedt om å ta ein språktest i skriftleg og munnleg norsk på Dale vgs. Tilrådd nivå ved oppstart av utdanning er B1. Her gjer skulen avtale med kvar enkelt kandidat om tid og stad.

Inntak:

Du mottar eit inntaksbrev med meir informasjon når du har fått plass på studiet. Du kan søkje på vigo vaksenopplæring!