Hopp til hovedinnhold

Besøk av 8. klassingar på Dale vgs

Elevane har samla seg i idrettshallen.

Alle 8. klassar i regionen var inviterte til ein aktivitetsdag og omvisning på Dale vgs 24. mai.

Kjekt for 8. klassingane å bli litt kjent med Dale vgs og ikkje minst kjekt for oss å sjå den flotte gjengen med 8. klassingar.

Rådgjevar Are Gunnar, i lag med elevar, organiserte ulike aktivitetar både på skulen og i Fjalerhallen.

8.klassingane blei delt inn i lag og dei gjennomførte ei aktivitetsløype. Aktivitetane dei gjennomførte var volleyball, slåball, kanonball, kubb, hinderløype, quiz og ei samarbeidsoppgåve med tårnbygging. Før dagen var over og vinnaren blei kåra, blei det gjennomført ein eggekastekonkurranse som skapte stort engasjement blant både deltakarar og dei som såg på. 

Takk til alle som tok turen til Dale vgs denne dagen.