Dale vgs er testsenter for båtførarprøven
Eksamensdato for båtførarprøva ved Dale vgs er måndag 27.04.26 kl. 16.00 – max 12 plassar.
Ta kontakt om det ikkje er fleire ledige plassar, og vi vil sette opp ein ekstra eksamen.
Påmelding via påmeldingsfunksjon i Testkalendaren: Testkalender søk
Viktig! Les viktig informasjon «Før eksamen» på Båtførerregisteret - registrering til båtførerprøven
Kandidaten skal dokumentere lese-/skriveproblem i god tid før eksamensstart. Testleiar kan då tildele prøve med 20 minutt ekstra tid på testleiarsida. Bruk av opplesingsfunksjonen i testsystemet er standard funksjonalitet og kan brukast av alle. Det kan ved enkelte tilfelle vere behov for ekstra tilrettelegging som at testleiar les opp spørsmål og svaralternativ. Dette kan avtalast etter avtale med Norsk Test.
Kandidaten må legitimere seg før prøvestart. Kandidaten loggar på med fødselsnummer (ev. brukarnamn) og kode (passord). Testleiar skal sjekke at pålogga brukar er lik det som viser i legitimasjon.
Undervegs kan du markere tekst og klikke på avspeling oppe i høgre hjørnet, og du vil få opplese spørsmål og svaralternativ.
Møt opp i god tid, minst 15 minutt før oppsett tid.
