Her finn du nyttig informasjon og viktige lenkjer før skulestart.
Velkommen til Dale vidaregåande skule!
Skulestart er 18. august 2024. Du møter ved hovudinngangen på Dale vgs kl. 08.55. Skulebussane tek til å gå denne dagen, så du reiser gratis med vanleg skuleskyss frå heimstaden din til Dale.
Skuledagen startar kl. 08.55. Måndag, tysdag, torsdag og fredag sluttar skulen kl. 15.10, onsdag går siste time til kl. 15.20. Skulebussen går frå skulen kl. 15.20 kvar dag. Dersom du har problem med å komme deg heim, ber vi om at du gir beskjed på kontoret så fort som råd.
Skulebøker får du låne av skulen. Vestland fylkeskommune har ei ordning med gratis lærebøker. Du får utdelt dei bøkene du skal ha, og leverer dei inn att på slutten av skuleåret: Her signerer du ei utlånsavtale med skulen.
Skal du begynne på Vg1 (første året), har du tilbod om å kjøpe berbar PC. Du kan bruke eigen berbar PC viss du har. På fleire utdanningsprogram blir det brukt programvare som berre fungerer med Windows. For dei fleste er derfor PC eit betre alternativ enn Mac.
Sjå heimesida til fylkeskommunen: Her kan du bestille PC.
Skulen ynskjer å bruke bilete av elevar i faglege/sosiale samanhengar på heimeside og i sosiale medium. Her kan du samtykke til at skulen kan bruke bilete av deg i slike samanhengar. OBS! Ikkje-myndige elevar må samtykke før foreldra gir sitt samtykke.
Foreldremøte Vg1: Onsdag 27. august klokka 17.30 - 19.30 for alle føresette som har førsteårselevar på skulen. Som elev treng du ikkje vere med på dette møtet.
Skuleskyss: Du søkjer om skuleskyss via https://skuleskyss.vlfk.no.
Du får skuleskysskortet ditt på Skyss Billett-appen i staden for fysisk kort.
Lånekassa: Alle elevar får eit utstyrsstipend. Logg deg inn og søk om stipend og lån her: www.vigo.no. Stipend/lån kan då vere klart til skulestart.
Utstyrsliste for elevar på TIF finn du her.
Vi rår alle elevar til å kjøpe seg kalkulator:
Casio FX-991CW (studiespesialisering)
Casio FX-82CW (yrkesfag)
Hugs å svare på om du tek imot skuleplassen du har fått! Svar med SMS eller i Vigo.
Meir aktuell informasjon, td. skuleruta, finn du på heimesida til Dale vgs: www.dale.vgs.no
Dersom du har spørsmål, kan du kontakte skulen, tlf. 57637000.
Vel møtt!
Dale vidaregåande skule, juni 2025
Gro Fivelsdal
Rektor