Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring i akvakulturfaget

Bilde av Dale vidaregåande skule

Dale vgs tilbyr vaksenopplæring i akvakulturfaget (naturbruk blå linje). Her får ein undervisning i biologi/fiskehelse, teknologi og produksjon, og gjennom teori og praksis får ein kunnskap om korleis eit akvakulturanlegg kan driftast

ØNSKJER DU EIN SPENNANDE JOBB I EI EKSPANSIV NÆRING?

Oppstart august 2022

Du bør ha interesse for teknologi, fisk og båt, like å jobbe både inne og utandørs. Du lærer om tradisjonelle oppdrettsanlegg og om ny grøn teknologi og RAS-anlegg (landbaserte oppdrettsanlegg).

Læreplassgaranti. Du får praksis i bedrift før oppstart av utdanninga, for å få godkjent praksis- og læreplass.

Opplæringa er ei veksling mellom praktisk arbeid og skule over 3 år, deretter eit lærling-år med løn (Gloppen-modellen).

Sluttkompetanse (etter fagprøve): fagoperatør i akvakultur/røktar.

Praksis på oppdrettsanlegg i nærområdet.

Undervisninga er i stor grad digital, med nokre faste samlingar ved Dale vgs.

Har du tatt ei yrkesutdanning tidlegare, kan du søkje fritak i fellesfag. Arbeidserfaring/realkompetanse kan gi avkorting av læretid. Då kan det vere mogleg å jobbe ved sida av studiet.

Nødvendige sikkerheitskurs og sertifiseringar er lagt inn i studiet.

Særskilt språkopplæring ved behov.

ÅR 1

ÅR 2

ÅR 3

ÅR 4

Programfag

Vg1 Naturbruk

 

Programfag:
Naturbasert produksjon og tenesteyting

 

Naturbasert næringsaktivitet

 

2 dagar/veke – skule (torsdag - fredag)

 

Programfag

Vg2 Akvakultur

 

Programfag:

Drift og produksjon

 

Biologi og miljø

 

Anlegg og teknikk

 

2 dagar/veke – skule (torsdag - fredag)

Fellesfag:

 

Norsk

Engelsk

Matematikk

Naturfag

Samfunnsfag

 

 

 

3 dagar/veke – skule (onsdag – fredag)

 

Læretid i bedrift-

Lærekontrakt

 

Relevant praksis som var opparbeidd før opplæringa tok til, kan komme til frådrag i læretida.

 

 

5 dagar/veke

Utplassering i bedrift

(yrkesfagleg fordjuping YFF) Vg1

 

3 dagar /veke

Utplassering i bedrift

(yrkesfagleg fordjuping YFF) Vg2

 

3 dagar/veke

Utplassering i bedrift

 

 

 

2 dagar/veke

 

Søk her: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/voksen/soknad-inntak-vo/

eller https://www.vigo.no/nyvigo/vigo Ein søkjer på sluttkompetanse: «fagoperatør i akvakultur»

Søknadsfrist: 1. april 2022.