Stor karrieremesse i Dale med over 500 ungdomar og ein mange bedrifter, opplæringskontor og andre aktørar.
Stad: FJALERHALLEN og DALE VGS
Tidspunkt: Tysdag 10. FEBRUAR 2026, KL. 10 – 14.
Deltakarar: ca. 350 ungdomsskuleelevar frå heile HAFS + Gulen + Sande, ca. 200 elevar frå Dale vgs
Næringsliv/arbeidsliv: ein haug med utstillarar som viser fram yrke og jobbar for framtida i regionen vår
Seminarbolk på Dale vgs i to rundar, ein runde før lunsj og ein runde etter lunsj med komprimerte foredrag på 20 min. Alle elevar deltar enten før eller etter lunsj. Vi lagar eit rotasjonssystem.
Her stiller bl.a. det lokale politiet, influencer Anniken Gjørøy m.fl.
Open café i hallen: Dalerussen 26 sel mat!
Program:
Kl. 10: Opning av messa i hallen av ordførar og programleiar (Kokosbananas)
Kl. 10-15 – 11.15: Vandre rundt og sjå på alle utstillarane, delta i konkurransar og aktivitetar på standane. Delta på seminar på auditoriet i Dale vgs + gå innom naturfagsalen
Kl. 11.15 – 12.30: Lunsjpause! Alle stiller i hallen og handlar lunsj i caféen hos DALERUSSEN 26 (elle har med niste sjølv). Kulturinnslag mm.
Kl. 12.30 – 13.30: Vandre rundt og sjå på utstillingane, delta i aktivitetar på standane. Delta på seminar i auditoriet på Dale vgs + gå innom naturfagsalen
13.45 – 14.00: Avslutning i Fjalerhallen
Messa er open og gratis for alle! Velkommen!!!
