Den siste onsdagen i kvar månad besøker politiet Dale vgs.
Då vil dei først og fremst møte elevane, snakke med dei, svare på spørsmål og bli kjent med flest mogleg. Dei vil halde seg i vrimlearealet, i kantina og rundt omkring. Dersom nokon ønskjer ein prat på tomannshand med politiet, så snakk med dei. Då kan dei få bruke eit møterom/grupperom.
Dette arbeidet ønskjer politiet å prioritere. Dei meiner det er viktig å ha god kontakt med ungdomane på vidaregåande.
Vi på Dale vgs er glade for at dei tar turen!
Rektor
