Rusførebyggande føredrag «MIDT I TRYNET -et trekk kan da ikke skade…..»
Avgangselevane fekk høyre ei sterk og ærleg historie frå ein aktiv rusmisbrukar og livet hans, blanda med dyrekjøpte erfraingar og elevane deltok interaktivt på skjerm, via mobilen, direkte under føredraget.
Torbjørn Gran starta med å fortelje om når han flytta på hybel og den «lykkerusen» han kjente for å kunne bestemme alt sjølv, føle seg fri og pizzaøskjer frå golv til tak. Han snakka om at det vil alltid vere oppturar og nedturar i livet. At dei tre åra på vgs skal vere dei viktigaste åra, der vi kanskje finn dei viktigaste vennene i livet.
Det å vere den eine som vel å avstå frå rusen og vere den som står utanfor i gjengen. Han som gjekk innom kompisen sin for å ta han med på skulen då han såg at han nesten slutta å møte opp, men blei møtt med: «Nei, det ordnar seg», og han såg at kompisen kasta vekk dei kulaste åra i livet.
Elevane vart spurt om å kommentere ulike problemstillingar som utanforskap og einsemd. Etter resultatet der vi såg at det var nokre som følte seg utanfor og einsame, sa han at det er dei som ikkje føler seg utanfor sitt ansvar å inkludere. Kva kan ein gjere om ein er bekymra for kompisen sitt rusmisbruk? Først og fremst snakke med kompisen og gje han eit anna alternativ.
Han avslutta med at no skulle vi få møte ein narkoman sia eiga forteljing om levd liv- og vegen tilbake til å fungere i samfunnet.
Vi fekk sjå ein film der vi møtte Richard Prøsch der han sette eit «skudd» på toalettet, medan han var på jobb hos Kafè Oslo. Han hadde selt vaskemaskina si, fordi han måtte ha pengar til dop, og så hadde han ein heil haug med skitne kle han ikkje visste kva han skulle gjere med.
Vi fekk sjå ein person som var langt nede. Plutselig stod han i auditoriet hos oss og fortsette forteljinga frå då han 11 år gammal mista faren sin og vegen vidare til han blei narkoman.
Det var ei sterk historie å høyre. Den viktige bodskapen var at ein må ta dei rette vala i livet, men det er ikkje alltid så enkelt.v/miljøkoordinator Iren