HAFS-kommunane får eige karrieresenter i Dale. Det er klart etter møtet i hovudutvalet for Opplæring 22. mai. Dermed har HAFS regionråd og Dale vgs vunne fram med eit sterkt ønskje om å få eit eige karrieresenter på linje med dei andre regionane i fylket: Nordfjord (lagt til Eid), Sunnfjord (i Førde) og Sogn ( i Sogndal). Karrieresentra skal gje karriererettleiing og tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne.
Nasjonalt pilotprosjekt ved Dale vgs og Hafstad vgs
Dale vgs og Hafstad vgs set i gang eit nasjonalt pilotprosjekt for å utnytte ny teknologi i undervisninga. Målet er å finne ut korleis den aller nyaste datateknologien kombinert med godt tilpassa programvare kan gje elevane endå betre læring. To skuleklassar, ein i Dale og ein på Hafstad, får kommande skuleår prøve ut "det komplette læringsbrettet".
Tysdag kveld møttest tilsette ved Dale vgs og Røde Kors United World College til fagleg seminar og sosialt treff i Dale.Det vart ein innhaldsrik og triveleg kveld som inspirerer til gjentaking. Doktorgradsstipendiat Astrid Øydvin frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (biletet) var spesielt invitert til å halde foredrag.
Ein tilsett ved Dale vgs hadde maksimal flaks i fotballtipping laurdag, og kan vente seg nesten 130.000 kroner inn på kontoen. Den heldige vinnaren leverte ein utfylt kupong som låg att ved tippekassen etter ein annan kunde. Resultatet vart ein 12-ar, ti 11-arar og 42 10-arar.
"Solskinn og brød og ånd -eies av alle," skreiv Nordahl Grieg i diktet "Til ungdommen". Det er ikkje uvanleg at lærarar og elevar er opptekne av mat og poesi. Foredrag om dikting kombinert med mat - det er derimot sjeldan kost. Måndag hadde norskseksjonen på Dale vgs "Twitterlunsj" på auditoriet, der Bjørnar Kummeneje frå 3 STA heldt foredrag om poetiske tekstar på Twitter. Døme: «Etter gymmen går det opp for gut (12) at han er dønn forelska i Tone. Frå før er han dønn forelska i Ellen. To tankar i hovudet på same tid». (Frode Grytten)
Første skuledagen etter påske starta med eit triveleg allmøte med musikk. Bjørnar Kummeneje, Sturle Sandvik og Theo Wilson frå gruppa "Meanwhile at Firda Billag" underheldt med fengande gitarspel etter at dei hadde fortalt litt om Afrikaturen sin i vinter, då dei var gjesteartistar på Music Crossroads i Maputo. Aller først informerte rektor om ein del aktuelle saker, m.a. klassetilbodet for kommande skuleår, arbeidet med ny utviklingsplan for Dale vgs og konsekvensane av dei nye reglane for ekskursjonar og skuleturar. Meir nedanfor.
Påskeferien nærmar seg, og tradisjonen med påskelunsj er det all grunn til å halde på. Det er den enkle konklusjonen etter det smakfulle og trivelege fellesmåltidet onsdag. Spesiell takk til Berit og Signe, men også til lærarar og elevar som igjen har stilt opp til beste for fellesskapen og eit viktig trivselstiltak på skulen. Berre to dagar til no, så kan vi ønskje kvarandre god påske og ta nokre fortente feriedagar. Du finn fleire bilete frå påskelunsjen nedanfor.
162 elevar har Dale vgs som førsteønskje for skuleåret 2012-13. Det er bra ut frå talet på ungdommar i aktuell skulealder i HAFS-kommunane. Det utlyste klassetilbodet i fylket kan bli justert ut frå søkjartala, men det er grunn til å tru at det utlyste tilbodet vårt kjem i gang. Den nye klassen på Vg2 Industriteknologi verkar sikker, og det er god sjanse til 2 klassar på Vg1 studiespesialisering.
Viss du ikkje har søkt skuleplass til hausten, må du gjere det i dag. Søknadsfristen er 1. mars. Du søkjer på www.vigo.no. Du treng "Min ID" for å søkje, og kan få hjelp av rådgjevaren om du treng det.
Sist helg var det skulemeisterskap i handball. Jentene frå Dale vgs overbeviste stort og kom til finalen.Motstandar i finalen er Firda vgs. På grunn av tekniske problem er finalekampen utsett til etter vinterferien
Jordan i klasse 3 STB gjorde ein god innsats, men kom dessverre ikkje til finalen i Abelkonkurransen i matematikk. Resultatlista etter 2. runde viser at Jordan kom på 96. plass. Totalt var det 3592 som deltok i 1. runde, og av desse var det 397 som gjekk vidare til runde 2. Heilt på topp ligg to elevar frå naboskulen vår, UWC. Dei går vidare til finalen i lag med dei 25 beste etter 2. runde.
Tysdag 28. februar kjem politiet, Statens vegvesen, helsesøster og Røde Kors for å ha informasjonsmøte med russen.Tema for møtet er : Russ, rus, trafikk og helse.Møt opp i auditoriet kl 12.15
Her kan du følgje med Fjalerungdommar på Afrikatur
Tre av avgangselevane våre reiste tysdag til Mosambik i Afrika der dei er gjesteartistar på ein stor internasjonal musikkfestival. Theo Wilson, Sturle Sandvik og Bjørnar Kummeneje utgjer saman med Viljar Hansen Losnegård Fjaler-bandet "Meanwhile at Firda Billag". Dei lagar blogg om opplevingane sine på turen. Du finn lenkja nedanfor.
Første samling for dei som har meldt seg på førarkortopplæringa i vinter, er tysdag 14. februar. Frammøte i kantina på skulen. Samlinga tek til presis klokka 14.45 og varer til 17.10. Det er ordna gratis skyss heim for dei som har meldt frå om at dei treng det.
I kontaktlærartimen tysdag 7. februar gjennomfører vi den årlege Elevundersøkinga i alle klassane på Dale vgs. Dette er ei undersøking som Utdanningsdirektoratet i Oslo står bak, og som alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er pålagde å gjennomføre innan midten av februar. Meir om undersøkinga og påloggingsinformasjon finn du nedanfor.
I dag er stikkordet radio for elevane våre på Vg3. I "Den Kulturelle Skulesekken" får elevane innblikk både i radiohistorie og korleis radioprogram blir laga i våre dagar. 3 STA lærer om radio på auditoriet før lunsj, og 3 STB etter lunsj.
Populære Vegard Leite innfridde og gav publikum den konserten dei hadde håpa på i Trudvang fredag kveld. Det var rett og slett ei stor oppleving å høyre og sjå den jordnære Idol-helten med den vakre stemma på nært hald.