Dale vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Volontør

Volontør

Kvart år sidan starten i år 2000 har Dale vgs vore mottakarorganisasjon for utanlandsk ungdom som søkjer prosjekt innan EVS – European Voluntary Service.

Rundt skulestart i august kjem volontøren til skulen og jobbar i lag med oss eit heilt år. Oppgåvene er mange: konversasjonspartnar/assistent i framandspråkklassane, leiar av aktivitetar på «open skule», medhjelpar i kantina, deltakting i spes.ped.aktivitetar og sportsutflukter m.m.

Volontøren kan utfalde sin kreativitet og utgjer eit friskt pust i skulekvardagen. Vi har hatt volontørar bl.a. frå Tyrkia, Spania, Polen, Tyskland, Skottland og får kvart år mange søkjarar.

Tips ein ven Skriv ut