Dale vidaregåande skule
Elevar frå 2HAA

Foto: privat

Vinterleikar

Turen til Hafslo med skikøyring på kvelden, overnatting på Lygmo ungdomssenter og vinterleikar vart ei kjekk oppleving for 2HAA. Sjå bilete og video frå turen!

Med hjelpemiddel kan alle, uansett funksjonshemming, kjenne gleda av å suse ned ein bratt skibakke med vind i håret og sol i augo, og i Vinterleikane på Heggmyrane  prøver ein å leggje til rette for at flest mogeleg skal kjenne meistring. I år var Vg2 helsearbeidarfag frå Dale vgs med som hjelparar på vinterleikane. Høgskulelektor Brit Marie Follevåg ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) fortel at fleire og fleire miljø er blitt inkludert med åra:

"Det er 3. årsvernepleiestudentar som har regien på dagen. Denne dagen er spesielt retta mot lokalsamfunn og frivillig arbeid. Dagen er ein viktig møteplass for Høgskulen på Vestlandet som utdannar studentar innafor vernepleie, idrett og friluftsliv, for dei som arbeider med menneske med ulike funksjonshemmingar og deltakarane som har ei funksjonshemming", seier Follevåg.

Dei rundt 60 deltakarane på Heggmyrane er folk frå skikrinsen og handikapforbundet, produsentar og leverandørar av ulike hjelpemiddel og hjelpemiddelsentralen som låner ut utstyret. Hovudpersonane er likevel dei som treng hjelp og støtte, og ulike hjelpemiddel for å vere meir aktive i naturen. Asle Sande frå NAV Hjelpemiddelsentral ønskjer at flest mogeleg skal vite at sentralen har mykje utstyr som står til disposisjon for folk med fysisk eller psykisk funksjonshemming.

"Det er ofte dyrt utstyr, som kan lånast ut heilt gratis", seier han.

Her kan du sjå bilete frå Hafslo-turen.

Her kan du sjå video frå Hafslo-turen.

 

 

Tips ein ven Skriv ut