Dale vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering/Vg3 Realfag
Elevar på hospitering eksperimenterar med kjemi.

Foto: Dale vgs

Vg3 Realfag

Fellesfaga er til saman 15 timar for veka på Vg3. Fellesfaga er obligatoriske. Resten av faga kan du velje sjølv etter bestemte reglar.

Fellesfag på Vg3: 

  • Norsk:  6 timar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Historie: 4 timar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Kroppsøving: 2 timar. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Religion: 3 timar. Standpunktkarakter på vitnemål.

Valfrie programfag på Vg2 / Vg3

Kvart av dei valfrie programfaga er på 5 veketimar. Faga tilhøyrer ulike programområde. Andre og tredje året må du ha 2 gjennomgåande programfag frå  programområdet du har valt for å få full fordjuping. I tillegg vel du kvart år 1 fag til som er uavhengig av programområde. Samla har du vanlegvis 30 timar kvar veke på Vg2 og Vg3. Halvparten er fellesfag og halvparten valfrie programfag. Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.

Programfag på Vg 3 studiespesialisering:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 2
  • Biologi 2 
  • Kjemi 2
Tips ein ven Skriv ut