Elevar spelar badminton i hallen.

Foto: Dale vgs

Vg2 Realfag

Fellesfaga utgjer til saman 15 timar for veka på Vg2. Fellesfaga er obligatoriske. Resten av faga kan du velje sjølv etter bestemte reglar.

Fellesfaga er:

  • Norsk: 4 veketimar
  • Historie: 2 veketimar
  • Kroppsøving: 2 veketimar
  • Framandspråk: 4 veketimar tysk eller spansk. Standpunktkarakter på vitnemål.
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk 3 v.t.): Standpunktkarakter på vitnemål.  Fellesfaget  2P fell vekk viss du vel fordjuping i Realfagsmatematikk (R1).

Valfrie programfag på Vg2 / Vg3

Kvart av dei valfrie faga, programfaga, er på 5 veketimar. Faga tilhøyrer ulike programområde. Andre og tredje året må du ha 2 gjennomgåande programfag frå  programområdet du har valt for å få full fordjuping. I tillegg vel du kvart år 1 fag til som er uavhengig av programområde. Samla har du vanlegvis 30 timar kvar veke på Vg2 og Vg3. Halvparten er fellesfag og halvparten valfrie programfag. Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.

Programfag realfag:

  • Matematikk R1
  • Fysikk 1
  • Biologi 1
  • Kjemi 1
  • IT 1
Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker