Dale vidaregåande skule
Volontørar 2019 2020

Foto: Leikny Dale

Vg2 helsearbeiderfag har frivillig arbeid på timeplanen

Les meir om klassen sitt besøk til Fjaler frivilligsentral her.

Vg2 helsearbeidarfag har no tema frivillig arbeid på timeplanen. I dag har klassen vore på besøk til Fjaler frivilligsentral  for omvising og orientering om kva tilbod kommunen har til ulike brukargrupper i kommunen.

Fjaler frivilligsentral koordinerer frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar på tvers av fagområde i lokalsamfunnet. Av oppgåver som sentralen utfører er koordinering av volontørtenesta og ulike prosjekt og tiltak: BUA Fjaler - gratis utleige av fritidsutyr, Kafe Internasjonal, matkøyring, verdsdagen for psykisk helse 10. oktober, verdas frivilligdag 5. desember, utleige og koordinering av lokalet Studio Nova og Samvirket, tiltak for flyktningane, velkomstdag og info til nye elevar ved Dale vidaregåande skule, oppdatering av tiltak og kontaktar i basen for lag/ org, informasjonsarbeid som FRITIDA MI - ei brosjyre med utvalet av fritidstilbod og lag og organisasjonar i Fjaler og medarbeidar for FJALER.NO, Fabelaktive Dale.

 

Fire volontørar som kjem frå fire ulike land i Europa eller frå naboregionar og er knytt fast opp mot sentralen kvart år. Dette er støtta gjennom EU-programmet Erasmus+ ESC (European Solidary Corps) Aktiv Ungdom. Volontørane yter verdifull frivillig innsats i skulen, barnehagen, biblioteket, kinoen, BUA Fjaler og fritidsaktivitetar og mykje meir, mot enkeltpersonar og i arbeid ved kontoret. Ein er fast ved Dale vidaregåande skule medan dei andre tre arbeider på tvers i lokalsamfunnet med base i Frivilligsentralen.

 

Volontørar for 2019-2020:

Alex (Wales), Alba (Spania) Bilal (Tyrkia) og Magrethe Reisether  (sjå vedlagt bilde) Franziska (Tyskland) som har vore mest på Dale vgs var ikkje med på bilde.

BUA