Dale vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg1 Helse- og oppvekstfag
Elevar har undervisning, på skulekjøkkenet.

Foto: Dale vgs

Vg1 Helse- og oppvekstfag

På Vg1 Helse- og oppvekstfag lærer du m.a. om helsefremjande arbeid; førstehjelp; kost, ernæring og hygiene; barn og unge si utvikling; kommunikasjon og sosial kompetanse; livsstilssjukdommar, skadar og lidingar. 

Praksis

Elevane har fleire praksisperiodar i løpet av skuleåret. "Livsglede for eldre" var eit nytt prosjekt knytt til Fjaler sjukeheim skuleåret 2015-16. Hovudmålet var å skape livsglede for eldre gjennom gode samtalar, song og dans, ulike spel, turar og konsertar, baking og julekonsert mellom anna. Dette var svært vellukka.

Programfag Vg1

Helsefremjande arbeid
7 veketimar
Kommunikasjon og samhandlling
5 veketimar
Yrkesutøving
5 veketimar
Yrkesfagleg fordjuping
6 veketimar

Fellesfag Vg1

Norsk
2 veketimar
Engelsk 3 veketimar
Matematikk
3 veketimar
Naturfag
2 veketimar
Kroppsøving
2 veketimar
Tips ein ven Skriv ut