Dale vidaregåande skule
Foto: Iren Løseth

Foto: Iren Løseth

Vi markerte overgangen til nye Vestland fylke. Sjå bilete her.

Vestland!

Dei vidaregåande skulane markerte overgangen til nye Vestland fylkeskommune 9. januar 2020. Det var strøyming av helsingar frå politisk og administrativ leiing i det nye fylket. Deretter var det kahoot-konkurranse mellom skulane. Her stilte kvar skule med eit skulelag.

Etter det hadde kvar skule sitt lokale program. På Dale vgs fekk vi besøk av fylkespolitikarane Arve Helle (Ap) og Mark Taylor (MDG) i tillegg til ordførar i Fjaler, Kjetil Felde (Sp). Malene Valvik bidrog med song. Etter nokre korte taler var det kake for alle elevar, tilsette og gjester.

QUIZ-laget

Arve og Kjetil

Malene Valvik spelar gitar

Program i kantina

Sigrid Moltumyr

Elevane fekk kake