Dale vgs inngang

Dale vgs inngang

Velkommen til hospitering

Tilsette og elevar ved Dale vidaregåande skule ønskjer 10-klassingane frå HAFS-skulane velkomne til hospitering i veke 43. Rundt 110 elevar skal hospitere på skulen i løpet av veka. Dei er fordelte på det studieprogrammet dei har som førsteval måndag-tysdag og torsdag-fredag. Onsdag er det andreval og fellesaktiviterar om ettermiddagen og kvelden. 

Programmet for fellesaktivitetane etter skuletid onsdag er slik:

14.30-15.30:   Fellesøkt i auditoriet med informasjon, kultur m.m.

15.30-16.15:   Middag i kantina ved Dale v. g. skule

16.15-17.30:   «Hybelbuarane» vert henta av vertsfamiliane. Dei andre har friøkt.

17.30-19.15:   Gratis film ved Fjaler kino i Trudvang saman med påbyggklassen; "Burning 2"

19.30-20.30:   HAFS-meisterskap i Kahoot! Fjaler ungdomsskule.

20.30-23.00:   DISKOTEK ved Fjaler ungdomsskule

23.00:              VEL HEIM

I løpet av denne veka får vi besøk av ca. 110 HAFS-elevar som no går i 10. klasse. Elevane er fordelte slik at Askvoll skule, Fjaler ungdomsskule og Våge skule er her frå måndag til onsdag, medan elevane frå Hyllestad skule, Bulandet skule, Brekke skule, Eivindvik skule og Solund ungdomsskule er her frå onsdag til fredag. Det betyr at vi har 27 elevar som skal bu hjå vertsfamiliar i Dale.

Måndag og tysdag har Askvoll skule, Fjaler ungdomsskule og Våge skule 1. val, medan dei andre skulane har dette på torsdag og fredag.

2. valet vert då på onsdag for alle elevane. Elevane får meir detaljert informasjon ved mottakinga første hospiteringsdagen. 

Velkommen til eit lærerikt og hyggeleg opphald!