Dale vidaregåande skule
Dale vgs vinter

Dale vgs vinter

VELKOMMEN TIL FORELDREMØTE FOR VG1 OG VG2

17. november vert det foreldremøte på Dale vidaregåande skule for Vg1 og Vg2. Påmelding skjer her. PÅMELDINGSFRIST: søndag 14.11. kl. 11.59.

De er hermed inviterte til foreldremøte for VG1 og VG2 onsdag 17. november på Dale vidaregåande skule. Dette er ein samtale der kontaktlærar møter foreldre/føresette i lag med eleven.


Kontaktlærarar i 1STA, 2STA, 1BAA, 1HOA, 1HOB, 2HEAA, 1TPA, 1TPB og 2PINA er tilgjengelege i tidsrommet 15.00 - 21.00.
For å unngå for mykje venting, ber vi om at de set opp ønskt tidspunkt for samtale. Etter at påmeldingsfristen er ute, set skulen opp tidspunkt for kvar enkelt og eleven får ranselpost med heim om det. Skulen tek omsyn til ønskt samtaletidspunkt så langt mogleg.

Skulen gjer merksam på at føresette til myndige elevar må ha med skriftleg løyve frå eleven, dersom ein ønskjer samtale med lærar utan at elev er med.

For føresette med elevar i 1STA er det FELLESMØTE kl. 18.00-18.30: Kva programfag (fordjupingsfag) kan ein velje 2. og 3. året på studiespesialisering? Kva gir studiekompetanse? Kva utdanningsvegar er aktuelle vidare?

Trykk her for å melde deg på foreldremøtet.