Dale vgs inngang

Dale vgs inngang

Velkommen til elev- og foreldresamtale

Vi ønskjer føresette og elevar på Vg1 velkomne til samtale på skulen onsdag 16. november. Har du hugsa å gje beskjed om at du ønskjer samtaletid?  

For å unngå venting for å få snakke med lærarane, ber vi føresette melde frå på førehand kven av lærarane dei vil snakke med. Dersom du ikkje fekk meldt deg på innan fristen sist veke, ber vi om at du ringjer skulen snarast, så kan vi ordne det.

I tillegg til dei individuelle samtalane er det eit eige møte for føresette og elevar på Vg1 studiespesialisering. Dette gjeld berre for 1 STA, og handlar om utdanningsvegar etter vidaregåande og val av programfag (fordjupingsfag) i 2. og 3. klasse. Møtet er på auditoriet klokka 18 og varer om lag ein halv time.