Dale vidaregåande skule
Dale vgs inngang

Dale vgs inngang

Velkommen som elev ved Dale vidaregåande skule!

Skulestart er måndag 16. august 2021. 

Du møter ved hovudinngangen på Dale vgs kl. 08.55. Skulebussane tek til å gå denne dagen, så du reiser med vanleg skuleskyss frå heimstaden din til Dale.

Skuledagen startar kl. 08.55. Måndag, tysdag, torsdag og fredag sluttar skulen kl. 15.10, onsdag går siste time til kl. 15.20. Skulebussen går frå skulen kl. 15.20 kvar dag. Dersom du har problem med å komme deg heim, ber vi om at du gir beskjed i resepsjonen så fort som råd.

Skulebøker får du låne av skulen. Vestland fylkeskommune har ei ordning med gratis lærebøker. Du får utdelt dei bøkene du skal ha, og leverer dei inn att på slutten av skuleåret.

Skal du begynne på Vg1 (første året), har du tilbod om å kjøpe berbar PC: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/ 

Du kan bruke eigen berbar PC viss du har. På fleire utdanningsprogram vert det brukt programvare som berre fungerer med Windows. For dei fleste er derfor PC eit betre alternativ enn Mac.

Foreldremøte Vg1: Onsdag 18. august klokka 18.00 – 20.00 for alle føresette som har førsteårselevar på skulen vår. Som elev treng du ikkje vere med på dette møtet. 

Skuleskyss: Du søkjer om skuleskyss via https://skuleskyss.vlfk.no. Også elevar som hadde skuleskyss førre skuleår, må søkje. Alle skuleskysskort for skuleåret blir nullstilt ved skuleslutt i juni, og ønskjer du skuleskyss for neste skuleår må du søkje på nytt. Då får du nytt oblat på same kortet – hugs derfor å ta vare på skysskortet.

Lånekassa: Alle elevar får eit utstyrsstipend. Du finn søknadsskjema på www.vigo.no. Stipend/lån kan då vere klart til skulen tek til.

Hugs å svare på om du tek imot skuleplassen du har fått!

Meir aktuell informasjon finn du på heimesida til Dale vgs:  www.dale.vgs.no

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte skulen.

 

Vel møtt!

Dale vidaregåande skule, juli 2021          

Gro Fivelsdal

Rektor