Dale vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Vaksenopplæring
Bilete av auditoriet på skulen.

Foto: Dale vgs

Vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne

For å få tilbod om vaksenopplæring / realkompetansevurdering, må du sende søknad via www.vigo.no.

Du må så sende inn kopiar av vitnemål og attestar til oss. Desse kan sendast i brev til:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Arkivtenesta
Askedalen 2
6863 Leikanger

eller elektronisk til postmottak.sentraladm@sfj.no, merkt "vaksenopplæring".

Søknaden med kopiar av vitnemål og attestar vil gi grunnlag for å slå fast om du har lovfesta rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 4A-3 i opplæringslova, og kva du treng vidare for å nå opplæringsmålet ditt.

Det er ingen søknadsfrist til vidaregåande opplæring for vaksne, men dei fleste opplæringstilboda startar i august/september eller januar.

Dette bør du vite:

  • Vaksne over 25 år som har fullført grunnskule eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring.
  • Denne opplæringa skal vere fleksibel og tilpassa vaksne sin arbeids- og livssituasjon.
  • Du har rett til å få vurdert den realkompetansen du har skaffa deg gjennom arbeid eller har tileigna deg på annan måte.
  • Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med delar av opplæringa.
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr i all hovudsak vidaregåande opplæring for vaksne som nettbaserte kurs i kombinasjon med fysiske samlingar.
  • Både realkompetansevurdering og opplæring er gratis for vaksne med rett etter 4A-3 i Opplæringslova.

Realkompetansevurdering

Mange vaksne har gjennom arbeidserfaring og kurs tileigna seg kunnskap som fullt eller delvis dekkjer krava i læreplanen for den ønskte opplæringa. Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få prøvd kunnskapane sine og få godkjent det ein kan, i høve dei krava læreplanen stiller.

Informasjon

Kontakt opplæringsavdelinga for informasjon og hjelp/rettleiing i høve dine opplæringsønske. Ønskjer du nærare opplysningar er du velkomen til å ta kontakt med oss, enten ved personleg frammøte, pr. telefon, e-mail eller post.

Du finn òg meir informasjon om opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne på heimesidene til www.vox.no

Meir informasjon finn du på www.karrieresfj.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Karriere HAFS  
Siv Kristin Flekke
Karriererettleiar
41 53 07 15
siv.kristin.flekke@sfj.no

Besøksadresse: Fjalerhuset, Dale (2. etasje)