Utvikling og kvalitet

Dale vgs satsar sterkt på å ha dyktige lærarar, gode rådgjevarar, ei engasjert leiing, ein omsorgsfull miljøkoordinator, hyggelege kantinemedarbeidarar og elles òg ein imøtekomande stab som alle vil det beste for elevane!

Lærarane legg vekt på at elevane skal utfordrast fagleg på ein god måte, dei skal kjenne eit tydeleg læringstrykk, men også kunne oppleve den gode meistringskjensla undervegs i læringsprosessen.

Dale vgs jobbar i år med vurderingskulturen ved skulen. Vi ynskjer å vidareutvikle vurderingspraksisen vår i tråd med vurdering for læring. Satsinga er ein del av den interne skulevurderinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Arbeidet med vurdering grensar naturleg opp mot språk. Dale vgs er éin av to vidaregåande skular i Sogn og Fjordane som har fått vere med i det nasjonale prosjektet Språkløyper, og vi er den einaste vgs som kan samarbeide med vertskommunen som også på grunnskulenivå er med på dette. Prosjektet gir ei ekstra satsing på lesing og skriving frå barnehagenivå til og med vgs-nivå. 

Skulen vidarefører dessutan tankane frå FYR-prosjektet, som inneber at lærarane i programfaga samarbeider tett med lærarane i fellesfaga (matematikk, engelsk, norsk, naturfag, samfunnsfag), slik at desse teoretiske faga legg opp til oppgåver som kan løysast eller nyttast i programfaga og motsett.

Vi jobbar også mykje med internasjonalisering. Kvart år har vi ein utanlandsk ungdom på skulen som er assistent i framandspråkklassane, som deltar i kantina og som set i gang aktivitetar på «open skule». I tillegg har vi utvekslingsopphald for elevane på Vg2 yrkesfag: Dei siste tre åra har vi sendt elevar til London og Skagen/Danmark, slik at dei kan få oppleve arbeidskulturen innanfor sitt fagområde i utlandet.

Du kan lese meir om satsingsområda våre i utviklingsplanen:

Utviklingsplan 2018-2021.pdf

Tips ein ven Skriv ut