Utsida av Dale vgs.

Foto: Dale vgs.

Undersøking om skulemat

Her finn elevar, foreldre og føresette informasojon om skulematundersøkinga.

Informasjon om skulematundersøking

 

Om undersøkinga

Skulematundersøkinga er ei spørjeundersøking som skal gjennomførast på alle vidaregåande skular i Vestland fylke i veke 10-12. Spørsmåla omhandlar blant anna mat- og måltidsvanar, trivsel, konsentrasjon, læring, deg og familien din. Det tek omlag 10 minutt å svare på spørjeskjemaet.

 

Kven står bak undersøkinga?

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet. Spørjeundersøkinga vil òg gjennomførast ved vidaregåande skuler i Viken fylke og skular i Oslo kommune.

 

Kvifor undersøka blir gjennomført

Vestland fylkeskommune vil bruke resultatet frå undersøkinga i planlegging- og evalueringsarbeid av gratis skulemåltid. Resultata vil òg nyttast i forsking- og utviklingsprosjekt, der målet er å skaffe ny kunnskap om skulemåltid i Noreg.

 

Om deltakinga, personvern og anonymitet

Ved å svare på undersøkinga hjelper du oss i planlegginga og evalueringsarbeidet av eit gratis måltid i skulen. Videre er dine svar eit viktig bidrag til forsking om mat og måltid i skulen.

Spørjeundersøkinga er anonym. Det betyr at det ikkje er mogeleg å identifisere einskildpersonar ut i frå svara som blir gitt. Det er frivillig å svare på undersøkinga og du bestemmer sjølv om du ynskjer å svare. Dersom du svarer, har du gitt samtykke til å delta. Dersom du ikkje vil delta, kan du la vere å svare. Dersom du ombestemmer deg undervegs i utspørjinga let du vera å levere inn skjemaet. Etter at skjemaet er levert, kan svara ikkje trekkast tilbake fordi dei er levert anonymt og kan ikkje bli spora tilbake til einskildpersonar, heller ikkje via indirekte opplysningar eller skjulte elektroniske spor som IP-adresse.

 

Kontakt

Vestland fylkeskommune v/ Gro Hovland gro.hovland@vlfk.no

Folkehelseinstituttet v/senterleiar Arnfinn Helleve Arnfinn.Helleve@fhi.no

Prosjektleiar Elling Bere EllingTufte.Bere@fhi.no