Elevar lærer førstehjelp

Foto: Christine Nikøy

Til hjelp for andre

HO (vg1) arrangerte førstehjelpskurs for TIP (vg1)

Elevane på Helse- og oppvekstfag har over tid arbeidd med førstehjelp og førebudd eit kurs på tre timar til TIP (vg1). som del av sin tverrfaglege tentamen. Heilt sjølvstendig og profesjonelt gjennomførte dei opplegg på sine ulike stasjonar om hjarte-lungeredning (HLR), brann/el-skadar, blødning/brot og «først til ulukkesstaden». TIP1 var aktive på stasjonane, og samarbeidet på tvers av klassar fungerte utmerkt. Eit aktivt og lærerikt opplegg vi ynskjer å halde fram med.