Dale vidaregåande skule
Thea Hjelmeland fotografert av V

Thea Hjelmeland til Fjalerhallen

1. februar er det duka for storkonsert i Fjalerhallen. Då kjem multitalentet Thea Hjelmeland med band i regi av Den kulturelle skulesekken. Thea har fått ei lang rekkje utmerkingar, og vann spelemannsprisen i 2015.

Den unge artisten frå Førde er dotter til Arle Hjelmeland i "Good Time Charlie", og har musikalske røter som ho har utvikla til sin eigen stil. For den førebels siste plata si,  "Solar Plexus", fekk ho spelemannspris i kategorien "indie"  i 2015.

På heimesida til Den Kulturelle Skulesekken vert ho presentert slik: -Den unge musikaren og vokalisten frå Førde har hatt stor suksess med sine plateutgjevingar "Oh, the third" og "Solar Plexus" som begge har fått strålande kritikkar. Thea Hjelmeland komponerar all musikken, skriv tekstane og arrangerar musikken sin sjølv i tillegg til å produsere. Hennar sterke låtmateriale er prega av ein stemmebruk få gjer henne etter. Ho nyttar stemma si nærmast instrumentalt og i eit stort register som strekkjer seg frå det djupaste djupe til det aller lysaste. Musikken til Thea varierer mykje frå det nære og intime til det utadvende og energiske, og er kjenneteikna av både catchy refreng og ikkje minst Thea si traktering av ei mengd ulike strengeinstrument. Dette gjer at Thea sine konsertar blir ei konsertoppleving i fleire dimensjonar, både instrumentalt og vokalt. Med seg på konserten har ho eit knippe dyktige medmusikantar frå øverste hylle, Jo Berger Myhre/Morten Skage (bass), Matias Tellez (gitar) og Ivar Thormodsæter (trommer). 

Thea og bandet skal spele for elevar på alle vidaregåande skular i fylket, og det er rimeleg at koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker, er stolt over DKS-programmet. (Pressefoto: Vegard Fimland).

Du kan lese meir om karrieren til Thea Hjelmeland her: https://no.wikipedia.org/wiki/Thea_Hjelmeland