Dale vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknologi- og industrifag
Elevar som sveisar.

Foto: Dale vgs

Teknologi- og industrifag

Skipsbygging og skipsreparasjonar er viktige arbeidsplassar i HAFS-området. Går du Vg1 TIP og Vg2 industriteknologi kan du skaffe deg jobb i skipsindustrien. Det er mykje å velje mellom med TIP som utgangspunkt: nær 60 ulike fagbrev kan ein då fullføre.  

Teknikk og industriell produksjon (TIP) er eit yrkesfag, og Dale vidaregåande skule tilbyr følgjande kurs:

  • Vg1 teknikk og industriell produksjon
  • Vg2 industriteknologi
  • Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Yrkesfagleg opplæring gjev yrkeskompetanse med eller utan fagbrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan og ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om TIP og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på
vilbli.no: Teknikk og industriell produksjon

Kontakt

Stian Neset
Karriererådgjevar
stian.neset@vlfk.no
57 63 70 22