Utsida av Dale vgs.

Foto: Dale vgs.

Solide resultat i Elevundersøkinga

Dale vgs kjem godt ut i Elevundersøkinga også dette skuleåret. Resultata i Skoleporten viser at vi er betre enn gjennomsnittet i fylket på 8 av dei 12 hovudområda.

På dei 4 andre områda er vi akkurat på fylkesgjennomsnittet, som igjen er betre enn det nasjonale snittet. - Samla sett er dette gledelege resultat, seier rektor Gro Fivelsdal.

 

Elevundersøkinga er den årlege brukarundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet der elevane gir tilbakemelding på kva som fungerer godt og eventuelt mindre godt i skulekvardagen. Spørsmåla er dei same til elevar i heile landet, og undersøkinga vert gjennomført i same tidsrommet. Skulane får tilgang til sine eigne resultat like etter at undersøkinga er ferdig, og Utdanningsdirektoratet publiserer hovudtrekka i Skoleporten eit par månader seinare.

 

Elevane ved Dale vidaregåande skule har svart gledeleg positivt i Elevundersøkinga fleire år på rad, og resultatat dette skuleåret er grovt sett på nivå med fjoråret. "Karakterskalaen" går frå 1 til 5, med 5 som beste resultat, unnateke området mobbing, som helst ikkje skal finnast og der 1,0 er best. Dale vidaregåande skule er betre enn fylkessnittet og det nasjonale gjennomsnittet på desse områda: Elevdemokrati og medverknad, Utdannings- og yrkesrettleiing, Felles reglar, Fagleg utfordring, Vurdering for læring, Motivasjon, Støtte frå lærarane og Støtte heimanfrå. På områda Trivsel, Meistring, Mobbing og Læringskultur  er vi nøyaktig på fylkesgjennomsnittet, som igjen er betre enn nasjonalt nivå.

 

Du finn detaljane i Skoleporten via lenkja:

https://skoleporten.udir.no/rapportvisning/videregaaende-skole/laeringsmiljoe/elevundersoekelsen/dale-vidaregaaande-skule?enhetsid=974571137&vurderingsomrade=6&skoletype=1&utdanningstype=--&skoletypemenuid=1&underomrade=48&fordeling=0&sammenstilling=4