Dale vidaregåande skule
Vilje til visdom og vennskap

Foto: Rune Dale

Solide resultat i Elevundersøkinga -igjen

Dale vidaregåande skule har også dette skuleåret betre resultat i Elevundersøkinga enn gjennomsnittet av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane og resten av landet.

Resultata som no er offentleggjort i Skoleporten viser at Dale vgs ligg over gjennomsnittet på åtte hovudområde, og nøyaktig på gjennomsnittet på dei fire siste områda. Rektor Gro Fivelsdal er fornøgd.

Svara på dei mange spørsmåla i Elevundersøkinga er ordna i 12 hovudområde. Dale vgs ligg over gjennomsnittet på desse områda: Elevdemokrati og medverknad, trivsel, utdanning og yrkesrettleiing, meistring, felles reglar, motivasjon, støtte frå lærarane og støtte heimanfrå. Skulen ligg på gjennomsnittet når det gjeld fagleg utfordring, mobbing, vurdering for læring og læringskultur. Du finn detaljane i Skoleporten via denne lenkja.

Det er ikkje første gongen elevane ved Dale vidaregåande svarar at dei trivst på skulen, vert tekne med på råd, har god støtte heimanfrå, og er fornøgde både med skulen og lærarane. Elevundersøkinga skuleåret 2014-15 var eit toppår som leiinga ved Dale vgs rekna med at det kunne bli vanskeleg å kopiere. Når resultata frå Elevundersøkinga dette skuleåret er på nesten same nivå som fjoråret, er det sjølvsagt svært gledeleg. Du finn resultata våre frå dei siste tre åra via denne lenkja.