Dale vidaregåande skule
Elevar som presenterer seg sjølv.

Foto: Iren Løseth

Smånytt frå miljøkoordinator

Ltt om:  Open skule – Gratis middag for hybelelevar + køyre frå hybel til hybel

Alle hybelelevar fekk tilbod om gratis middag og TACO stod på menyen. Det vart ein sosial ettermiddag og ein fin måte å bli kjende med kvarande. Miljøkoordinator ønskte alle velkommen til skulen og bygda, og fortalde litt om tilbodet til open skule og elles aktivitetar elevane kan vere med på fritida. Etter middagen køyrde vi med bussen til skulen og ein bil til, frå hybel til hybel. Vi stoppa utanfor alle hyblane og gjekk ut av bilane, der eleven som bur der presenterte seg og fortalte litt om sine interesser. Elevane var einige om at dette var eit bra tilbod.