Dale vidaregåande skule
Elevar i skibakken.

Foto: Iren Løseth

Slalåmtur til Jølster

Open skule reiste til Jølster skisenter med ein liten gjeng elevar, torsdag 20.mars. 

Det vart ein kjekk kveld i bakken i Bjørkelia, med perfekte forhold med ny-preppa løype og eit fint lag med nysnø oppå. Elevane storkosa seg og tok godt vare på kvarandre, og praten gjekk livlig i bussen både til og frå skibakken. Så dette er eit veldig bra sosialt tiltak for elevane.

Volontør Lukas hadde sin andre tur på slalåmski, og han var blitt retteleg god i bakken. Vi var virkeleg imponert av han.

Miljøkoordinator Iren takkar elevane for ein strålande siste tur i slalåmbakken for denne sesongen.

PS! Før avreise vart det servert Trudes varme vintergryte, som inneheldt næringsrike ingrediensar. Perfekt start!