Dale vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Rådgjeving

Rådgjevar

Hovudarbeidsfelt:

1) Yrkesrettleiing

Vidaregåande opplæring (VIGO)

Elevane får informasjon og rettleiing i høve val av programområde/ studieretning og enkeltfag. Alle får rettleiing og hjelp til søkje Vigo på internett. Vilbli gir nyttig informasjon om vidaregåande opplæring.

Høgare utdanning

Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje høgare utdanning, får informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval. Skulen samarbeider med fleire utdanningsinstitusjonar om studieorienteringsdag på skulen.

Informasjonsmateriell vert lagt ut i klasseromma til avgangsklassane. I tillegg finn ein mykje informasjonsmateriell i tidsskrifthylla i kantina.

Det meste av høgare utdanning i Noreg har felles opptak gjennom Samordnaopptak. Du finn meir informasjon om høgare utdanning i inn – og utland i StudieguidenAnsa gir god og nyttig informasjon om utdanning i utlandet.

Rådgjeving på nett

Skulen har tilbod om rådgjeving på nett. Kontakt rådgjevar stian.neset@sfj.no

2) Rettleiing for elevar med sosiale eller personlege problem

Rådgjevar samarbeider med rådgjevar for tilpassa opplæring Are Morten Follevåg, PPT, OT, skulehelsetenesta, sosialkontora og barneverntenesta i HAFS.

3) Tilrettelegging for elevar med spesielle behov

Rådgjevar for tilpassa opplæring og rådgjevarane som har ansvar for sosialpedagogiske og karrieremessige spørsmål, har nært samarbeid med kontaktlærarane for å følgje opp elevar som treng særskild tilrettelegging.

Rådgjevar har teieplikt! 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Stian Neset
Karriererådgjevar
stian.neset@sfj.no
57 63 70 22

Runhild Øvreås
Sosialpedagogisk rådgjevar
runhild.ovreas@sfj.no
57 63 70 45

Are Morten Follevåg
Rådgjevar for tilpassa opplæring
are.morten.follevåg@sfj.no
57 63 70 06